Utenriksdepartementet

Denne veka tvangsreturnerte norske myndigheter den syriske kurderen Abdulkarim Hossain til Syria, der han vart møtt av syrisk politi og arrestert med ein gong han landa. I følge Amnesty International er det stor sjanse for at Hossain blir utsatt for tortur, mishandling og isolasjon. Raud Ungdom syns det er uforståeleg at UD kan sende ein mann til tortur, og fram til dei henter han tilbake til Norge må dei finne seg i å vere Vekas dust!
Abdulkarim kom til Noreg som asylsøkar i februar 2006. Når han var i Noreg var han nestleiar i Foreningen for syriske kurdere i Norge som er ein organisasjon som arbeida for å auke kunnskapen om den kurdiske minoriteten i Syria. Han fekk avslag på søknaden sin, og 19. august vart han tvangsutsendt til Syria, med grunngjevnaden at han sannsynligvis ikkje ville blitt utsatt for overgrep. Fengselet han sitter i, Al Faiah, er under sikkerhetspolitiets kontroll og er kjent for sine overgrep mot politiske aktivister.
Raud Ungdom meiner asylpolitikken til regjeringa er for dårleg. Når dei sender heim asylsøkere som med stor sannsynlighet vil bli forfulgt, torturert og mishandla ved retur – fordi dei er politiske aktivister så har det gått for lang. Me stør ein langt meir human asyl- og flyktningspolitikk, og kårer UNE til Vekas dust!




