Rød Ungdom

Bli medlem! Ivers blogg

Jordbruksoppgjeret

5. juli 2010, 15:08 | Kategori: .

Uttalelse fra Rød Ungdoms landsstyre 4-6. juni

Tilbodet staten gav som resultat av jorbruksforhandlingane i år, endte i ei overføring på 950 millionar til jordbruket. Sjølv om dette var 200 millionar meir enn det opprinnelege tilbodet frå staten er dette eit latterleg lågt tilbod, berre litt over halvparten av bøndanes krav om 1,860 milliardar til jordbruket. Norsk Bonde- og Småbrukarlag valde å bryte forhandlingane med staten, mens Norges Bondelag fortsatte forhandlingane under sterk tvil.

Raud Ungdom meiner at staten må ta innover seg den viktige posisjonen landbruket må ha i samfunnet. Landbruket er sjølve berebjelken for å dekke det mest grunnleggjande menneskelege behovet - mat. Alle prognoser viser at matproduksjonen på verdsbasis må auke dei neste åra, og allereie no er det rundt ein milliard menneske som lever under sveltgrensa. Det er synd at staten ikkje ser desse forhandlingane i eit større perspektiv, og at dei ikkje gjer bøndane rammer som legg opp til eit levande landbruk med høg sjølvbergingsgrad. Matproduksjonen må i større grad enn i dag baserast på ein nasjonal produksjon, og dyrking av den marka me sjølv har. Dette må gjelde eit kvart land, Noreg inkludert.