Rød Ungdom

Bli medlem! Ivers blogg

Terje Riis Johansen

9. juli 2010, 09:44 | Kategori: .

2. juli vart det klart at regjeringa, med Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen i spissen, gav klarsignal til å bygge monsterkraftlinjene i Hardanger. Han er dermed ansvarlig for raseringa av eit av Noregs vakraste naturområder, og mest populære turistattraksjoner. Derfor kårer me han til Vekas dust!

I 2008 fekk Statnett konsesjon til å bygge ein kraftledning frå Sima i Hardanger, gjennom fem kommuner til Samnanger, utanfor Bergen. Då konsesjonsvedtaket vart kjent protesterte lokalbefolkninga og dei folkevalgte i Hardanger mot vedtaket og klaga det inn for Olje- og energidepartementet. Departementet og Riis-Johansen har ignorert dette kravet, og overkjørt lokalbefolkninga.

Mastene er opptil 45 meter høge og vil lage omfattende kabelgater gjennom dei vakre naturområdene i Hardanger. For å rettferdiggjere dette, påstår Riis-Johansen at det ikkje fins noko alternativ. Det er derimot ikkje sant. Alternativet er noko så enkelt som å slutte å selge strøm til Europa om sommeren, for så å kjøpe tilbake på vinteren. Dette hadde gjort Vestlandet sjølvforsynt med strøm, men hadde gjort at kraftrikingane hadde tjent mindre penger.

Dette er nok eit eksempel på at pengeseddelen veier tyngre enn stemmeseddelen og at hensynet til folks behov er underordna behovet for kortsiktig profitt. Terje Riis-Johansen er Vekas dust!