Øystein Stray Spetalen

Det umulige har skjedd. Raud Ungdom hadde aldri trudd at me skulle kåre ein av Noregs rikaste menn til Vekas helt. Men når Øystein Stray Spetalen går ut i Dagens Næringsliv og spår kapitalismens undergong, kan me ikkje gjere anna enn å sei velkommen etter og kåre han til Vekas helt!
Spetalen, mannen som har tjent milliarder på å investere, spør korleis me kan oppretthalde eit system der 0,01% av befolkninga stikker av med heile gevinsten. Han slår og fast at krisepakkene delt ut etter finanskrisa er feilslått, og burde tjent vanlige folks behov, og ikkje dei rike kapitalistene. Raud Ungdom er heilt einig i desse utsagna.
Under kapitalismen vil alltid dei største verdiene tilhavne eit lite mindretal på toppen, som snylter på arbeidsfolks verdiskapning. Det er eit grunnleggande urettferdig system, som skaper kriser og ekstrem fattigdom over heile verda. Det er og urettferdig at dei som er ansvarleg for å skape den økonomiske krisa får store redningspakker frå staten, medan vanlige folk sitter igjen som tapere.
Under økonomiske kriser burde staten ta ansvar og sette i gong store offentlege prosjekter som syselsetter folk. Dette vil medvirke til å hindre arbeidsledighet og få verdiskapinga i gang igjen.
Raud Ungdom er glad for at det vertfall er ein riking som har skjønt dette, og saman med Øystein Stray Spetalen gleder me oss til kapitalismens undergong. I mellomtida får det holde å kåre Spetalen til Vekas helt!




