Rød Ungdom

Bli medlem! Ivers blogg

Judith Butler

23. juni 2010, 12:01 | Kategori: .

Då den tyske homofestivalen ”Berlin Pride” ville hylle Judith Butler med ein pris for sivilt mot, takka den velkjente homoforkjemparen nei. Ho peika på dei tette banda mellom arrangørane og homonasjonalistiske rørsler som grunnlag for avslaget, og uttalte at ho var nøydd til å distansere seg frå medvirkning til rasisme. Raud Ungdom stør hennar beslutning, og kårer ho til Vekas helt!

Judith Butler meinte at det var andre organisasjonar som jobber med homofiles frigjering på tvers av etnisitet som fortente ”Civil courage award” meir enn ho gjorde. I den seinare tida har det komt fram at høgrepopulisme og homokamp kjem stadig nærare, fleire stader i Europa. Høgrepopulistane, som tidlegare har vore negativ til homokamp har i det siste byrja å bruke det som eit verktøy mot innvandring. I England har for eksempel den høgreekstreme og islamfiendtlege organisasjonen ”English Defence League” oppretta ein avdeling for homofile og lesbiske.

Raud Ungdom stør büde kampen mot rasisme og for homofiles rettar, og syns det er galt dersom desse kampane blir spelt opp mot kvarandre. Judith Butler fekk kanskje ikkje noko pris for sivilt mot under Berlin Pride, men ho kan trøste seg med ü bli küra til Vekas helt av Raud Ungdom!