Rød Ungdom

Bli medlem! Ivers blogg

Nortura må overleve

17. juni 2009, 11:15 | Kategori:

Uttalelse fra Rød Ungdoms landsstyre 12.-14. juni.

Kjøtt- og eggprodusentfellesskapet Nortura gjekk i dei fire fyrste månadane av året med eit underskot på 244 millionar kroner. Dette inneber at mange arbeidsplassar kan bli borte, og at bøndar og eggprodusentar landet over kan risikere å få dårlegre betalt for sine varer.

Nortura er viktig, fordi landbruket i Noreg er avhengig av eit sterkt samvirke, eigd av bøndane sjølv. Private slakteri, som for eksempel Fatland, legg si drift til sentrale, tunge landbruksområde med kort veg frå produsent til slakteri.

Nortura, derimot, pliktar seg til å motta kjøtt eller egg frå alle produsentar, uannsett mengde og stad. Om du for eksempel er ein bonde i øvre Passvikdalen, om lag ti mil frå Kirkenes, som ynskjer å levere ein sau til slakt, pliktar Nortura seg til å hente dem, sjølv om det kanskje ikkje er direkte lønsamt i første omgang. Dette fører til at ein får eit aktivt landbruk og arbeidsplassar spredt over heile landet.

For å få denne drifta til å fungere, er det viktig at Nortura er den største aktøren innan kjøtt og egg. For å kunne ha ei landbruksnæring og arbeidsplassar over heile landet, også der det ikkje løner seg økonomisk, trengs eit sterkt samvirke med ein sterk økonomi.

Raud Ungdom meiner det er viktig med både aktivt landbruk over heile landet og arbeidsplassar til alle. Derfor er det viktig at Nortura overlever. Det må setjast igong som at Nortura får kompensasjon for den dyre inntransporten til slakteria. Dette må dei andre private slakteria vere med på å betale, noko som samtidig vil verke marknadsregulerande.

Me lever i ei verd med stadige kapitalistiske kriser av forskjellige slag. Det er derfor viktig at Norge har egen matproduksjon for å vere sjølvforsynt. Dette sikrar ein best ved eit aktivt landbruk i heile landet.

Les Torstein Dahle om Nortura.