Ja til sidemål - ja til nynorsk!

Noreg er ikkje åleine om å vera fleirspråkleg, det er berre om lag ti statar i verda som er eittspråklege. For å tryggja språkmangfaldet ynskjer no forskarar i fleire andre land å innføra sidemålsordningar. Forskning frå Finland syner at finskspråklege elevar som i ung alder får sidemålsundervisning i svensk etter språkbadmetoden faktisk vert flinkare i hovudmålet sitt og lettare lærer framandspråk enn dei som ikkje har hatt slik sidemålsundervisning
For å tryggja norsk språkmangfald er det viktig at me held fram med, og ikkje minst betrar sidemålsundervisninga. Høgresida sin kamp mot sidemålet er eigentleg ein kamp mot nynorsken, og dermed ein kamp mot det norske språket. Der bokmål har opphavet sitt i dansk, er nynorsk ein samnemnar for alle dei norske dialektane.
Nynorsk nedvurderer ikkje dialektane, av di nynorsk byggjer på dialektane. Nynorsk nedvurderer ikkje norsk språk, av di nynorsk er norsk språk. Difor meiner Raud Ungdom at nynorsken høver like godt over heile landet.
I ei verd med meir kontakt mellom ulike land og kulturar bør me i Noreg vera stolte av vårt tilskot til kulturmangfaldet. Språket er ein viktig del av den kulturelle identiteten, det knyter oss til heimstaden og er eit kjennemerke på landet me kjem frå. Nynorsken og dialektane er eit viktig tilskot til det globale mangfaldet.
Nynorsk og bokmÃ¥l konkurrerer om dei same brukarane. Framgang for det eine svekkjer det andre. NÃ¥r du skriv, vel du side i denne mÃ¥lstriden og kampen om sidemÃ¥let. Du kan velja – vel nynorsk!




