Reisedekning

Treng du reisedekning til oslo for å dra på feminismekonferansen? Då må du lese gjennom dette først. Raud Ungdom har nemlig ikkje mest penger i heile verda, så me må dessverre vere litt strenge på korleis me brukar dei. Noko meir du lurar på enn det som står her? Send ein mail til økonomiansvarleg på ole[at]sosialisme.no.
Bestill billetter no!
Jo tidligere du bestiller billetter, jo billegare er det mogleg å få dei. Bra for oss, bra for deg.
Her er nokre tips til korleis du får så billig reise som mogleg.
Søk om reisedekning på forhånd!
Det er best for oss å vete på førehand om du treng reisedekning. Derfor må du søke om reisedekning i forkant av konferansen. Då kan me beregne kor mykje me har til andre ting. Sei frå på ole[at]sosialisme.no når du har bestilt reise og veit kor mykje du skal ha refundert.
Egenandel
Du må dekke minst 200 kr. av reisa di sjølv. Me gjer altså ikkje reisedekning på reiser som kostar mindre enn 200 kr.
Billigste reisemåte
Du får kun dekka det som tilsvarar billigste reisemåte. Det betyr at du kun får dekka det som tilsvarar same strekning med for eksempel buss eller tog der dette er moglege framkomstmidler, hvis du vel ein dyrare måte å reise på.
Kun reisedekning for de som er på heile koferansen
Me gjer kun reisedekning dersom du deltar på heile konferansen.
Reiseoppgjørsskjema
For å gjere det enklest mogleg for både deg og oss, er du nøydd til å fylle ut eit skjema som me får saman med reisebevis frå deg. Dette skjemaet får du på konferansen, eller så kan du få det tilsendt i etterkant ved å sende ein mail til ole[at]sosialisme[dot]no. Uansett om du fyller ut på leir eller i etterkant må me få billettene for turen begge veger før du får reisedekning.
To vekers frist!
Etter avslutta arrangement må me ha billetter du vil ha dekka kostnadene for innan maks to veker. I tillegg til korrekt utfylt reiseoppgjersskjema. Dette er for å sikre at Raud Ungdom kan ha ein forutsigbar økonomi.
SÃ¥nn ellers:
Me vert ekstra glade dersom du har råd til å dekke di eiga reise sjølv. Dessuten anbefaler me lokallag å søke penger alle moglege stadar dei kan tenke seg. Ring kontoret på 22 98 90 70 eller send en mail til ru[at]sosialisme[dot]no for gode tips. Husk at jo mindre penger me treng å bruke på reisedekning, jo meir penger kan me bruke på eit betre arrangement.
Me sjåast på feminismekonferanse!




